Kjenner du på stress – og kunne tenkt deg verktøy for meir ro, balanse og overskot i kvardagen?
I mai startar Frisklivssentralen opp ei ny avspenningsgruppe med fokus på stressmeistring og avspenningsteknikkar.
Gruppa passar for dei fleste.
Om du opplever høg belastning i kvardagen, står i fare for å bli eller er sjukemeldt, slit med muskel- og skjelettplager, uro og søvnvanskar - eller berre har behov for meir ro og kontakt med eigen kropp.
Alle som er nysgjerrige på gode verktøy for betre helse og meistring er velkomne.
Målet med gruppa: Å gi deltakarane erfaringsbasert kunnskap om korleis dei kan regulere seg sjølve gjennom pust, merksemd og kroppsmedvit.
Dette kan vere til hjelp for å få meir overskot i kvardagen.
Pexels
Tidspunkt:
Tysdag 19. mai
Tysdag 26. mai
Tysdag 2. juni
Tysdag 9. juni
Klokka 15:00-16:15
Leia av fysioterapeut Elin Hundseid.
For påmelding og ønske om meir informasjon, send ein mail til:
frisklivssentral@vindafjord.kommune.no