Ei veke med ekstra fokus på dei eldste

1.oktober er det FN sin internasjonale dag for eldre. Vindafjord kommune markerer dette med ei veke med aktivitetar for eldre. Veka blir avslutta med eldrefesten som grand finale.

jhenning@Pixabay

Eldreveka blir arrangert på Sjøperlo Hall i Ølen.

  • Onsdag 25. september klokka 13.00 blir det musikkbingo med Johnny Liadal.
  • Torsdag 26. september klokka 11.00 fortel Johanne Øvstebø Tvedten om “Min eigen heim”
  • Fredag 27. september klokka 11.00 er det seniortreff
  • Laurdag 28. september klokka 11.00 fortel Sigmund Steinsbø om DNA og slektsforsking
  • Måndag 30. september klokka 12.00 er det seniorgaming.
  • Måndag 30. september klokka 13.00 får du Digihjelp
  • Tysdag 1. oktober klokka 16.00 er det eldrefest. Denne må du melda deg på, på telefonnummer 53 65 65 65. Festen kostar 300 kroner. Påmeldingsfrist er 27. september.