Atle stortrivst som ny lærar ved Skjold skule

– Eg er ikkje typen som vil sitja på kontor. Eg vil jobba med menneske. Det seier Atle Nåvik‑Husveg, som i sommar starta som lærar ved Skjold skule – og raskt fann både trivsel og tilhøyrsle.

Som ny i lærarstaben på skulen, har Atle allereie funne seg godt til rette.

Han kjem opphavleg frå Ogna, men med familie og nettverk på denne sida av fjorden låg mykje til rette for ei flytting. 

I sommar tok han og sambuaren difor det store steget og kjøpte hus i Grinde i Tysvær. Der har dei raskt funne roen. Med god plass rundt seg og fine turområde like utanfor døra, har dei byrja å kalla det nye huset for heim.

Sambuaren jobbar i ambulansetenesta på Karmøy, medan Atle sjølv har funne vegen til klasserommet på Skjold. 

Tidlegare har han undervist på ein barneskule i Sandnes, og med utdanning frå HVL Stord underviser han no i matematikk og samfunnsfag.

Atle inne på Skjold skule - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ville jobba med menneske

Allereie mot slutten av 10. klasse byrja Atle å kjenna på ønsket om å bli lærar.  

Mor hans og farfaren er begge lærarar, og då han hadde arbeidsveke på skule, vart valet etter kvart tydeleg.

– Eg forstod at eg ville jobba med menneske. Eg er ikkje typen som vil sitja på eit kontor eller jobba mest med ting. Eg vil jobba med folk, og det å få vera med og påverka unge menneske er veldig givande, seier han.

Under praksisperiodane i lærarutdanninga fekk han endå sterkare stadfesting på at han hadde valt rett yrke.

– Å få møta ungane, sjå smila når dei meistrar noko, og oppleva augeblinken når noko endeleg fell på plass hos dei som strevar – det er ei stor glede, fortel Atle. 

Atle ved huskestativet i skulegarden - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Trygt samarbeid og låg terskel

Han legg ikkje skjul på at møtet med kollegaene ved Skjold skule har mykje å seia for kor godt han trivst.

– Eg vil rosa kollegaene og samarbeidet me har her. Me gir kvarandre innspel og hjelper kvarandre, og for meg som er ny, har det vore gull verdt.

Atle opplever eit arbeidsmiljø der det er rom for å læra undervegs.

– Her er det låg terskel for å prøva og feila. Gjer ein noko feil, er det berre å gjera det annleis neste gong. Det betyr mykje å kjenna på den tryggleiken.

God kontakt  

Atle trivst svært godt med å jobba med større barn og ungdom, og han set pris på dei samtalane som oppstår i klasserommet.

– Eg synest det er kjekt å kunna snakka med dei om djupare tema og få høyra tankane, meiningane og refleksjonane deira. Me kan snakka om alt frå politikk til fotball.

Som 26 år gamal opplever han ofte at alderen kan vera ein fordel.

– Ein kjem gjerne litt tettare på dei unge, og mange ser litt opp til deg. Det gjer at relasjonane kan bli gode.

Han har òg ei klar tilråding til andre som vurderer læraryrket.

– Likar du å jobba med menneske, er læraryrket verkeleg noko for deg. 

Atle ved klatrestativet i skulegarden - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

 

Fjellturar og husprosjekt

Sjølv om dei ikkje kjende Skjold spesielt godt frå før, har Atle og sambuaren raskt blitt glade i området.  

Fjellturar er noko dei trivst med, og fritida går elles til husprosjekt, turar med hunden – ein cockapoo – og fotball, som Atle er svært glad i.

– Eg likar veldig godt å vera ute i naturen, og her er det mange fine moglegheiter.

Ein skule med nærleik

Atle trekkjer fram både bygget, uteområdet og storleiken på skulen som positive sider ved Skjold skule.

– Det er ein relativt liten skule, og det er ein stor fordel. Ein får eit tettare miljø, og ein kjenner alle – både elevar og tilsette.

Han set også pris på dei små kvardagslege tinga.

– At alle har matpause saman, og at me har vaffelfredag, er jo alltid eit høgdepunkt. Administrasjonen er lett tilgjengeleg og alltid hjelpsam.

– Me har gode kollegaer, kjekke elevar og eit veldig godt miljø her. Eg kjenner verkeleg at eg har hamna på rett plass, seier Atle.