Musikkbad med Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med albumslepp og landsomfattande turné hausten 2024.

Dato
6. november 2024
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Biblioteket
Bilete synar Tom Roger Aadland. Står føre ein kvitmala mur med rustflekkar. Har sort hatt. Blå dressjakke over kvit skjorte.  - Klikk for stort bilete Thomas Mortveit

Onsdag 6. november besøker han Ølen. På programmet står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk, og eit utval songar han har skrive saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Vamp, Kjartan Fløgstad m.fl.). Det nye albumet har tittelen «Lysvandring», og inneheld ni nye låtar som Tom Roger har spelt inn åleine med gitaren.

I musikkbadet blir du betre kjent med Tom Roger og musikken hans.

«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då fjorårsalbumet «Skyer» kom ut. Plata hausta mykje kritikarros, og blei nominert til årets album av Norsk Americana Forum. Ei rekkje av Aadland sine songar har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».
Tom Roger er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ei musikalsk feststund i Sjøperlo.

KRITIKKAR:

SKYER (2023) «Levende, ærlig, vakkert, sterkt og personlig ... Aadlands fineste så langt»

The Wilhelmsens terningkast 6

«Overskuddspreget, lekent - ‘Skyer’ er Tom Roger Aadlands beste plate»

Erik Valebrokk terningkast 6

 

Pris inngang: 200,-

Påmelding kan gjerast på telefon 53 65 58 60 eller
e-post: vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
200
Pris born
200

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland