Språk til lunsj! Føredrag "Klinkande uklart" med Linda Eide

Underhaldande lunsjføredrag kor Linda Eide fortel kvifor det er viktig med klart og tydeleg språk.

Dato
8. november 2024
Tid
11:30 - 13:00
Stad
Biblioteket
Bilete synar Linda Eide, kledd i svart genser. Sort bakgrunn. Tekst: Klinkande uklart : Godt språk og klar tale!:  - Klikk for stort bilete Tore Zakariassen

Program

11.30: Velkomen – kaffi og noko å bite i

Introduksjon ved Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk Bedriftsforum. Monika ønskjer velkomen og deler tankar og erfaringar om språk og språkval i næringslivet.

12.00: "Klinkande uklart" med Linda Eide. Eit foredrag om klart språk

Godt språk, klar tale. Kvifor går det så ofte gale?

Dette er eit underhaldande foredrag med ein alvorleg undertone. Linda Eide syner fram kva eit klart og tydeleg språk er, og kvifor det er så viktig! Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati?

Her må det språkvaskast i kontor og korridor! Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattermilde og pedagogiske eksempel.

 

Arrangør: Nynorsk Bedriftsforum i samarbeid med biblioteket og næringslivet i Vindafjord, Falturiltu, Nynorskstafetten og Nynorsk Kultursentrum

Praktisk informasjon: Arrangementet er ope for alle og er særleg aktuelt for dei som jobbar med kommunikasjon i næringslivet. Det er gratis deltaking, men grunna avgrensa plassar og bestilling av kaffimat oppmodar vi om påmelding innan 1. november.

 

Les meir om føredraget her: https://lindaeide.no/kopi-av-klinkande-uklart

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland