Vindafjord bibliotek, i lag med Slekt og data Haugaland, arrangerer slektskafè den fjerde laurdagen i månaden.
Står du fast i slektsforskinga? Treng du tips eller råd til korleis du kan finne informasjon eller gjere bruk av digitale kjelder? I så høve bør du ta turen til slektskaféen vår.
Målet med slektskaféen er at du skal kunne kome i kontakt med andre med same interesse og få høve til å få inspirasjon og utveksle erfaringar.
Det vil vere frivillige frå Slekt og data Haugaland tilstade for å gje råd og rettleiing. Ta gjerne med eigen pc. Velkomen til alle som likar å forske i slektshistorie.
Merk at den 28. september vil vere føredrag frå klokka 11.00 om korleis du kan gjere bruk av DNA i slektsforskning.