Dimhou@Pixabay
Det blir busett rekordmange flyktningar i kommunen. Flyktningane blir busett i heile kommunen, og det vil vera avgjerande for integreringa med gode fritidstilbod og eit inkluderande lokalmiljø i den bygda dei bur i. Vindafjord kommune ønsker å legga til rette for at lag og organisasjonar i kommunen kan bidra til integrering og inkludering av flyktningar. Det er i 2024 sett av 100.000 kroner i tilskotsmidlar som lag og organisasjonar kan søka om til integreringsfremjande tiltak. Det er ønskeleg at tilskotsmidlar kan gjera det meir fleksiblet for lag og organisasjonar å oppretta nye aktivitetar, tilpassa opplegg, legga til rette for meir inkludering av flyktningar, og førebygging av einsemd. Tilskotet kan nyttast til tiltak retta mot flyktningar i alle aldrar.
Dette kan du søka om tilskot til:
· Arrangement
· Møteplassar
· Aktivitet
· Utstyr
· Transport
· Informasjon og kommunikasjon
· Tolkeutgifter og omsetting
· Kurs og kompetanseheving
· Nyskaping
Lista er ikkje uttømmande
Søknadsprosess
Digitalt søknadsskjema
Søknadsfrist: 5. mai 2024
Tilbakemelding frå kommunen: innan 1. juni 2024
Søknadane blir vurdert av integreringstenesta
Dersom ikkje alle midlane blir brukt opp i første søknadsrunde, vil resterande midlar bli utlyst på ny med søknadsfrist 1. september.
Rapportering
Mottakarar av tilskot må sende ei kort oppsummering av korleis midlane er nytta og effekten av desse innan 31.01.2025.